Hopp til innhold
X
Innhald

Grenada

Grenada, øystat i Karibia. Grenada er ei vulkanøy og den sørlegaste av Windwardøyane. Øya har tropisk havklima. . Dyrking av krydder, bananar og kakao er viktige næringar i tillegg til noko turisme.
Grenada, øystat i Karibia. Grenada er ei vulkanøy og den sørlegaste av Windwardøyane. Øya har tropisk havklima. Folkesetnaden er hovudsakleg svart. Dyrking av krydder, bananar og kakao er viktige næringar i tillegg til noko turisme. Staten har ein svak økonomi.
Grenada. Foto: virgomerry, flickr.com, CC BY 2.0
Grenada. Foto: virgomerry, flickr.com, CC BY 2.0
Øya vart kolonisert av franskmenn frå 1650, og ho var fransk koloni frå 1674 til 1762. Deretter vart ho britisk. Sidan 1967 har Grenada hatt status som assosiert stat i Samveldet, og fullt sjølvstende kom i 1974. I 1979 tok ei venstreorientert rørsle under Maurice Bishop makta. Ei radikal gruppe innanfor regjeringspartiet gjorde statskupp og avretta Bishop i oktober 1983. 25. oktober same året gjekk USA til invasjon på Grenada, offisielt for å verne amerikanske studentar på øya. Året etter vart det halde frie val.
Statsminister sidan juli 2008 er Tillman Thomas. Statsoverhovud er dronning Elizabeth II av Storbritannia.

Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.08.2013
Sist oppdatert: 06.08.2013