Hopp til innhold
X
Innhald

Guatemala

Guatemala (República de Guatemala), republikk i Mellom-Amerika som grensar til Belize, El Salvador, Honduras og Mexico. Dei fleste driv jordbruk. Hovudavlinga er kaffi, som for det meste blir dyrka på plantasjar. USA-baserte føretak har stor makt innanfor plantasjedrifta, og USA står som den viktigaste handelspartnaren til Guatemala.
Guatemala (República de Guatemala), republikk i Mellom-Amerika som grensar til Belize, El Salvador, Honduras og Mexico.

Guatemala er hovudsakleg eit fjelland, og den høgste toppen er vulkanen Tajumulco på 4220 moh. I nordaust ligg det tynt folkesette låglandet El Petén. Størsteparten av folkesetnaden bur i høglandet, der klimaet er meir temperert enn i det tropiske låglandet. Dei fleste driv jordbruk. Hovudavlinga er kaffi, som for det meste blir dyrka på plantasjar. Andre eksportvarer er sukker, bomull og bananar. USA-baserte føretak har stor makt innanfor plantasjedrifta, og USA står som den viktigaste handelspartnaren til Guatemala.
Det meste av jorda er ått av store godseigarar. Mais er det viktigaste matkornet. Det blir også drive noko skogsdrift og rekefiske, og dessutan utvinning av jernmalm, bly og antimon. Industrien ekspanderte sterkt i 1970-åra. Utbygginga av skulevesenet går framover, men 50 % av folkesetnaden er analfabetar. Om lag 50 % av folket er mayaindianarar, og desse bur hovudsakleg i høglandet.
Born i Guatemala. Foto: Curt Carnemark, World Bank, flickr.com, CC BY 2.0

Born i Guatemala. Foto: Curt Carnemark, World Bank, flickr.com, CC BY 2.0
 
Historie
Guatemala var eit sentrum for mayakulturen («Det gamle riket») frå om lag 100 f.Kr. til 900 e.Kr. Spaniarane la området under seg i 1520-åra. Det vart sjølvstendig i 1821 og etablert som sjølvstendig republikk i 1839. Det sterke motsetningsforholdet mellom konservative og radikale har i over 100 år ført til stadig uro og stadige statskupp. I 1944 fekk Guatemala ei demokratisk grunnlov, og ein reformperiode vart innleidd. Då president Jacobo Arbenz Guzmán mellom anna forsøkte å gjennomføre ei jordreform som også ramma det amerikanske United Fruit Company, vart han styrta i eit USA-støtta militærkupp i 1954. Parti og fagforeiningar vart forbodne, og dei sosiale reformene oppheva. Striden mellom ytterleggåande høgre- og venstregrupper har tidvis ført til ein tilspissa situasjon som har vore prega av terror og politiske mord.
Indianarfolket i landet har vore utsett for undertrykking og massakrar frå styresmaktene si side. Rigoberta Menchú fekk i 1992 Nobels fredspris for arbeidet sitt med rettane til urfolk. I 1993 skjedde det eit kupp der president Serrano sette parlamentet og grunnlova til side. Serrano vart avsett av hæren og konstitusjonsdomstolen, og menneskettsforkjemparen Ramiro de Leon Carpio vart vald til ny president i 1993. Ein fredsavtale mellom styresmaktene og geriljaen vart underteikna i 1996. Etter 36 års borgarkrig hadde om lag 140 000 menneske mista livet, og 50 000 er sakna. Som i andre land i regionen har også Guatemala vore prega av mykje vald og kriminalitet i etterkant av borgarkrigen.
President sidan januar 2012 er Otto Pérez Molina. Pérez Molina er tidlegare offiser i hæren (fram til 2000) og omstridd grunna deltaking i motoffensiven til militærdiktatoren Efraín Ríos Montt og brend-jord-taktikk mot geriljaen i 1982. I denne perioden gjekk landet gjennom nokre av dei verste menneskerettsbrota.
Presidenten i Guatemala er også regjeringssjef.


Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.08.2013
Sist oppdatert: 04.09.2013