Hopp til innhold
X
Innhald

Guyana

Guyana (Co-operative Republic of Guyana), sjølvstendig republikk i Sør-Amerika mellom Venezuela og Surinam.
Innanfor ei om lag 60 km brei, lågtliggjande kystslette ligg det eit bølgjete bakkelandskap som går over i fjellområde. Landet har eit fuktig tropeklima, regnskog og savanne i sørvest. Folkesetnaden bur i kystsona og omfattar etterkomarar av indiske plantasjearbeidarar (over 50 %) og etterkomarar av afrikanske slavar. I tillegg kjem spreidde indianarstammar i innlandet.
Dyrking av sukkerrør, ris, sitrusfrukt og kokospalmar er viktige næringsvegar. Vidare er bauxitt og diamantar viktige eksportvarer. Utanlandske eigarinteresser vart nasjonaliserte i 1970-åra. Grunnundervisninga er godt utbygd.
 
Foto: Kvinner frå marknaden i Georgetown, Guyana, 1922. Foto: The Field Museum Library

Historie
Landet var britisk koloni (British Guyana) frå 1814 til 1966, då det vart ein sjølvstendig stat innanfor Det britiske samveldet under namnet Guyana. I 1970 vart det erklært som ein kooperativ republikk. President sidan 2011 er Donald Ramotar. Statsminister sidan 1992, med unnatak av ein kort periode i 1997, er Samuel Hinds.



Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.08.2013
Sist oppdatert: 06.08.2013