Hopp til innhold
X
Innhald

Haiti

Haiti (République d'Haïti eller Repiblik Dayti), republikk i Karibia som utgjer den vestlege delen av øya Hispaniola.
Dei fleste innbyggjarane er småbønder som lever i stor fattigdom. Det blir dyrka kaffi, sisal og sukkerrøyr til eksport, og mais, ris, søtpoteter, maniok og bønner til eige bruk.
Haiti (République d'Haïti eller Repiblik Dayti), republikk i Karibia som utgjer den vestlege delen av øya Hispaniola.

Landet har eit tropisk havklima med mykje nedbør på nordkysten. I sør er det tørrare. I aust–vest-retning strekkjer det seg fire kalkfjellkjeder med breie dalføre imellom. Sterkt press på busetjinga gir utpining av jorda og alvorlege erosjonsproblem i landskapet. Dei fleste innbyggjarane er småbønder som lever i stor fattigdom. Det blir dyrka kaffi, sisal og sukkerrøyr til eksport, og mais, ris, søtpoteter, maniok og bønner til eige bruk. Landet har også bauxitt- og koparreservar. Haiti har lite industri og dårleg utbygde kommunikasjonar. 2/3 av folkesetnaden er analfabetar.
Risbønder tørkar ris før den skal seljast på marknaden. Foto: yourworldmissionares, flickr.com CC BY 2.0
Risbønder tørkar ris før den skal seljast på marknaden. Foto: yourworldmissionares, flickr.com CC BY 2.0

Historie
Øya Haiti vart oppdaga for Spania av Columbus i 1492 og kalla La Española, seinare forvanska til Hispaniola. Indianarane vart utrydda, og det vart importert slavar frå Afrika. Vestdelen av øya vart avstått til Frankrike i 1697. Under den franske revolusjonen gjekk landet gjennom langvarig uro. Dei kvite vart utrydda, og ein svart keisar (Jean-Jacques Dessalines) styrde i 1804–06. Heile øya var sameint og fri frå 1820 til 1843, då Den dominikanske republikken vart sjølvstendig. Sidan har det herska kaotiske forhold som USA frå tid til anna har gripe inn i.
Amerikanske marinetroppar okkuperte landet i 1915–34. I 1957–71 styrte legen François Duvalier («Papa Doc») diktatorisk og brutalt. Makta gjekk deretter over til sonen hans, Jean-Claude («Baby Doc»), som heldt fram terrorregimet til faren i ei noko avdempa form. Han vart avsett av militæret i 1986. Etter eit nytt diktatorisk styre frå 1988 vart den venstreorienterte presten Jean Bertrand Aristide i 1990 vald til president med overveldande fleirtal. I september 1991 vart han styrta gjennom eit kupp frå hærleiinga med general Raoul Cedras i spissen.
I 1993 innleidde USA og ei rekkje andre land blokade av landet, og hausten 1993 innførte FN økonomisk blokade av Haiti for å tvinge militærregjeringa til å gå av. Etter forhandlingar med juntaen rykte det amerikanske troppar inn i landet hausten 1994 for å administrere overgangen frå militært til sivilt styre, og for å setje inn att Aristide. Cedras vart tvinga til å forlate landet. Aristide vart avløyst som president i 1996 av René Preval, men vart igjen vald til president i november 2000.
Etter eit opprør gjekk Aristide av i februar 2004 og drog i eksil. I mars same året danna Gerard Latortue ny regjering, og med hjelp frå ein FN-styrke leidde Latortue landet fram til valet i 2006. René Preval vart igjen vald som president i 2006. I 2011 vart den tidlegare musikkartisten Michel Martelly vald som president. I januar 2010 vart Haiti råka av eit jordskjelv med styrke 7,0 på Richters skala. Skjelvet øydela store delar av hovudstaden, drap meir enn 300 000 menneske, og om lag 1 million vart heimlause.
Ein bonde på åkeren i Haiti. Foto: USAID, flickr.com CC BY 2.0Ein bonde på åkeren i Haiti. Foto: USAID, flickr.com CC BY 2.0
 


Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2013
Sist oppdatert: 16.10.2013