Hopp til innhold
X
Innhald

Honduras

Honduras (Republica de Honduras), republikk i Mellom-Amerika som grensar til Nicaragua, El Salvador og Guatemala. Landet har breie kystsletter og fjellkjeder med opptil 2850 m høge, utsløkte vulkanar. Landet har sidan 2000-åra vore prega av vald og kriminalitet.

Honduras (Republica de Honduras), republikk i Mellom-Amerika som grensar til Nicaragua, El Salvador og Guatemala. Landet har breie kystsletter og fjellkjeder med opptil 2850 m høge, utsløkte vulkanar. Klimaet er varmt og fuktig med tropisk regnskog i slettelandet. I høglandet er det meir temperert.
Over halvparten av den yrkesaktive delen av folket er sysselsett i jordbruket. På kystslettene i nord blir det dyrka bananar på plantasjar der nordamerikansk kapital er dominerande. I fjellstroka blir det dyrka kaffi, mest på småbruk, og dessutan mais og kveite. I låglandet finn ein bomulls- og rismarker. Bananar, kaffi og skogprodukt er viktige eksportvarer. Elles vinn ein ut mellom anna sølv, gull, sink og bly. Honduras har lite industri.
Bananproduksjon i Honduras Foto: Adalberto H. Vega, flickr.com, CC BY 2.0
Bananproduksjon i Honduras Foto: Adalberto H. Vega, flickr.com, CC BY 2.0
Historie
I førkolumbiansk tid var det vestlege Honduras ein del av kulturområdet til mayaene. Columbus kom til Honduras i 1502, og landet var ein del av det spanske Guatemala i 1523–1821. Deretter høyrde det til Den mellomamerikanske unionen til 1838, og deretter vart det sjølvstendig stat. Den seinare politiske historia er prega av krigar, revolusjonar og borgarkrigar i hopetal.
Etter at det hadde vore militærstyre siden 1972, vart det på nytt innført parlamentarisk styre i 1982, men framleis med mykje makt hos militæret. Honduras har også hatt feidar med El Salvador («fotballkrigen» i 1969) og med sandinistregjeringa i Nicaragua i 1979–90, då Honduras fungerte som baseområde for contras-opprørarane. Landet vart i 1998 ramma av orkanen «Mitch». Det førte til store tap av menneskeliv og store øydeleggingar av infrastruktur og produksjonsliv.
President Manuel Zelaya, som vart vald i 2006, vart avsett i eit kupp i 2009 og send i eksil til Costa Rica og Den dominikanske republikken. Zelaya representerte det konservative liberale partiet, men dreia politikken sin mot venstre og leidde Honduras inn i den venstreorienterte handelsorganisasjonen ALBA (Alianza Bolivariana para los pueblos de nuestra América). Etter ein konflikt om grunnlova vart Zelaya kuppa av dei militære. Kuppet var støtta av dei fleste elitane og institusjonane i landet, men fekk store konsekvensar i og med at Honduras vart isolert internasjonalt.
President sidan 2009 er Porfirio Lobo, som representerer det konservative nasjonalistpartiet. Landet har sidan 2000-åra vore prega av vald og kriminalitet, og det har ein av dei høgste mordratane i heile verda.
Presidenten i Honduras er også regjeringssjef.

Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 07.08.2013