Hopp til innhold
X
Innhald

Jamaica

Jamaica (Jamaica), øyrepublikk i Karibia, rett sør for søraustkysten av Cuba. Klimaet er fuktig og tropisk. På plantasjar blir det dyrka sukkerrøyr og bananar, kakao og turismen er særleg viktig på nordkysten.
Jamaica (Jamaica), øyrepublikk i Karibia, rett sør for søraustkysten av Cuba. Øya er samansett av kalkplatå og vest–aust-gåande fjellkjeder. Det høgste punktet ligg på 2256 moh. Klimaet er fuktig og tropisk.
Om lag 1/4 av arealet er oppdyrka. På plantasjar blir det dyrka sukkerrøyr og bananar, kakao og sitrusfrukter, men elles har landet mest småbruk. Jamaica er den nest største produsenten i verda av bauxitt og aluminiumoksid. Regjeringa har no ein viss kontroll over gruveindustrien og vidareforedlinga av bauxitt. Jamaica har elles mykje sementindustri, og det har vakse fram ein del lettare industri. Turismen er særleg viktig på nordkysten.
Skuleungar i Kingston. Foto: UN Photo/Milton Grant, flickr.com CC BY 2.0
Skuleungar i Kingston. Foto: UN Photo/Milton Grant, flickr.com CC BY 2.0
 
Historie
Jamaica vart oppdaga for europearane av Columbus i 1494, og øya låg under spaniarane frå 1509 til 1655, då engelskmennene erobra øya. Det arawakindianske urfolket var då utrydda, og ein hadde importert slavar. Jamaica fekk lokalt sjølvstyre i 1944. Øya vart innlemma i Vestindia-føderasjonen i 1958, men trekte seg ut i 1961. Dette resulterte i at føderasjonen vart oppløyst. Fullt sjølvstende fekk landet i 1962. Jamaica er medlem av Samveldet.
Frå 1972 var Michael Manley (PNP) statsminister. Den sosialistiske politikken hans møtte stor motbør i slutten av 1970-åra, og øya var prega av uro og aukande kriminalitet. I 1980 kom den konservative Edward Seaga til makta, men ved valet i 1989 fekk partiet til Manley igjen stort fleirtal. I 1992 tok partifellen Percival J. Patterson over.
Statsminister sidan januar 2012 er Portia Simpson Miller (PNP). Dronning Elizabeth II av Storbritannia er statsoverhovud.

Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2013
Sist oppdatert: 07.08.2013