Hopp til innhold
X
Innhald

Mexico

Mexico (Estados Unidos Mexicanos), forbundsrepublikk i den sørlege delen av Nord-Amerika. Mexico høyrer til mellom dei industrielt mest utvikla landa i Latin-Amerika. Før spaniarane kom, hadde indianske høgkulturar (mayafolk, toltekarar, aztekarar) sett preg på landet.
Mexico (Estados Unidos Mexicanos), forbundsrepublikk i den sørlege delen av Nord-Amerika. Landet er hovudsakleg ei høgslette forma som ein trekant, og denne er ramma inn av fjellkjeder. I nordvest ligg den langstrekte halvøya Baja California og i søraust det låge kalkplatået Yucatán. Alt etter høgda over havet varierer klimaet frå subtropisk til tropisk. Tørrast er høgsletta, og varmast og mest regnfullt er kystlandet i aust. Jordskjelv er vanleg.
1/4 av den yrkesaktive folkesetnaden arbeider i jordbruket, som arbeider for sjølvforsyning av viktige matvarer, først og fremst mais, kveite og bønner. For eksport dyrkar ein bomull, sukkerrøyr, kakao, bananar og grønsaker. Industrien er endå prega av mange små føretak innanfor næringsmiddel- og tekoindustri, men landet eksporterer også mellom anna bilar.
Mexicansk mat er populært i heile verda. Her er det taco til sals på ein marknad i Mexico. Foto: buzzthill, flickr.com CC BY 2.0
Mexicansk mat er populært i heile verda. Her er det taco til sals på ein marknad i Mexico. Foto: buzzthill, flickr.com CC BY 2.0

Mexico høyrer til mellom dei industrielt mest utvikla landa i Latin-Amerika. Ei dominerande eksportvare er olje og petroleumsprodukt. Mexico er den fremste produsenten av sølv i verda. Landet er også ein viktig eksportør av mellom anna bly, sink, kadmium, mangan og kopar. Turismen bidreg til å minske importoverskotet. Den store gjeldsbyrda er eit alvorleg problem i landet.

Historie
Før spaniarane kom, hadde indianske høgkulturar (mayafolk, toltekarar, aztekarar) sett preg på landet. Cortés erobra Mexico i 1519–22 og skapte kolonien Ny Spania, som også omfatta store område nord og sør for landet. Mexico vart sjølvstendig stat etter frigjeringskrigen i 1810–21. Landet tapte store landområde i krigen mot USA i 1846–48.
Maximilian av Austerrike vart vald til keisar i 1864, men vart teken til fange og avretta av president Juárez i 1867. Folket levde i stor fattigdom, og dei aukande klasseskilja utløyste ei stor sosial og politisk omvelting. Revolusjonen og borgarkrigen i 1910–17 gav seg mellom anna uttrykk i bonderevoltar under leiing av Emiliano Zapata og Pancho Villa. Revolusjonen gav landet ei ny forfatning i 1917 som innebar jordreformer og nasjonalisering av naturressursar, men grunnleggjande sosiale problem er berre i liten grad løyste.
Det institusjonelle revolusjonære partiet (PRI) dominerte politikken i landet frå 1929 og heilt fram til 2000. Ved inngangen til 1994 gjekk indianarar i Chiapas til væpna opprør mot den økonomiske politikken til regjeringa. PRI tapte majoriteten i kongressen etter vala i 1997 og presidentvalet i 2000 etter å ha sete med makta i 71 år. Vicente Fox frå det konservative PAN-partiet vart vald som president.
I åra som følgde gjennomførte Fox til dels upopulære økonomiske reformer. I juli 2006 vant Felipe Calderón frå PAN presidentvalet med knapp margin. Calderón erklærte krig mot narkotikakartella i landet. Offensiven frå militæret og politiet mot kartella har skapt ein valdsspiral som til tider har verka ukontrollerbar. Truleg er meir enn 50 000 menneske på begge sider av konflikten drepne i Calderón sin presidentperiode. I 2012 vann PRI tilbake makta med presidentkandidaten Enrique Peña Nieto som vart president 1. desember 2012.

Mexico har skrive under på NAFTA-avtalen saman med USA og Canada for å skape eit felles frihandelsområde
Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2013
Sist oppdatert: 07.08.2013