Hopp til innhold
X
Innhald

Nicaragua

Nicaragua (República de Nicaragua), republikk i Mellom-Amerika mellom Honduras og Costa Rica. Ein dyrkar bomull, kaffi, sukkerrøyr, bananar og kakao.
Nicaragua (República de Nicaragua), republikk i Mellom-Amerika mellom Honduras og Costa Rica. Ei brei senking i sørvest rommar mesteparten av folkesetnaden. Den sentrale fjellkjeda går over i eit sumpete lågland i aust.
Klimaet er tropisk og fuktigast i aust. Ein dyrkar bomull, kaffi, sukkerrøyr, bananar og kakao. I tillegg driv mange med kveghald og rekefiske. Industrien er lite utvikla, men landet har ein del gull-, sølv- og koparutvinning. Elles er eksport av kaffi, bomull og kjøt viktig.
Ei kvinne plukkar kaffi i Nicaragua. Foto: counterculturecoffee, flickr.com CC BY 2.0
Ei kvinne plukkar kaffi i Nicaragua. Foto: counterculturecoffee, flickr.com CC BY 2.0
Historie
Nicaragua var opphavleg ein del av Guatemala. I åra 1821–39 var landet ein av dei fem sameinte mellomamerikanske statane, som vart sjølvstendige frå 1848. Den seinare historia til Nicaragua har vore fylt av konfliktar både innanlands og med nabostatane. I 1979 måtte Anastasio Somoza, som hadde vore president sidan 1967, flykte. Ei frigjeringsrørsle leidd av Daniel Ortega, sandinistane, overtok styret. Dei fordelte mellom anna eigedommane til Somoza, som utgjorde om lag 25 % av det oppdyrka arealet i landet, til jordlause bønder.
Under Reagan-administrasjonen gav USA militær og økonomisk støtte til opprørsrørsla Contras med basar i Honduras og Costa Rica og gjennomførte ein handelsboikott av landet. Dette skapte svært alvorlege økonomiske problem for Nicaragua. Ein ueinsarta koalisjon med Violeta Chamorro som presidentkandidat vann valet i februar 1990. I 1996 vart ho etterfølgd av høgrepopulisten Arnoldo Aleman, som etter at han gjekk av i 2002, vart etterforska og dømd for korrupsjon.
Landet vart i 1998 ramma av orkanen «Mitch», som førte til store øydeleggingar og store tap av menneskeliv. President sidan 2007 er den tidlegare revolusjonsleiaren og presidenten Daniel Ortega, som representerer partiet FSLN (Frente Sandinista de Liberación Nacional) som voks ut av geriljaen i 1970-åra. Ortega har sidan meldt Nicaragua inn i handelsorganisasjonen ALBA (Alianza Bolivariana para los pueblos de nuestra América), men har ikkje ført ein utprega sosialistisk politikk. Det mest omstridde i perioden har vore at høgsteretten i landet i 2010 gav Ortega moglegheit til attval i 2011, eit val Ortega og FSLN vann.
Presidenten i Nicaragua er også regjeringssjef.




Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2013
Sist oppdatert: 07.08.2013