Hopp til innhold
X
Innhald

Panama

Panama (República de Panamá), republikk sør i Mellom-Amerika. Midt i landet finn ein eit lågtliggjande, smalt sumpområde ved Panamakanalen. Det blir dyrka bananar, ris, mais og kaffi.

Panama (República de Panamá), republikk sør i Mellom-Amerika. Panama er eit vulkansk fjelland med savannar. Midt i landet finn ein eit lågtliggjande, smalt sumpområde ved Panamakanalen. Mesteparten av bruttonasjonalproduktet kjem frå tenesteyting i denne sona. Jordbruksareal og andre ressursar er dårleg utnytta. Det blir dyrka bananar, ris, mais og kaffi.
Panamabananar. Foto: Douglas Coulter, flickr.com CC BY 2.0
Panamabananar. Foto: Douglas Coulter, flickr.com CC BY 2.0

Forbruksvareindustri og oljeraffineri er andre viktige inntektskjelder. Landet eksporterer mellom anna bananar, raffinerte oljeprodukt, sukker og reker. Ein stor handelsflåte er registrert i Panama på grunn av fordelsflagget.

Historie
Panama var spansk koloni frå 1500-talet. Området høyrde til Colombia frå 1821, men erklærte seg ved amerikansk hjelp sjølvstendig i 1903. USA fekk då store rettar, mellom anna til bygging og drift av Panamakanalen og til militær kontroll av han. Ein ny avtale som vart underteikna i 1977, overførte kanalsona til panamansk jurisdiksjon, medan USA skulle ha ansvaret for drifta til og med 1999, då kanalen kom under administrasjon av Panama.
I desember 1989 gjennomførte USA ein invasjon i landet og avsette og arresterte president Noriega, som vart skulda for tilknyting til narkotikahandel. I 1999 vart Mireya Elisa Moscoso, som den første kvinna i historia til landet, vald til president. President sidan 2009 er Ricardo Martinelli.
Presidenten i Panama er også regjeringssjef.
 

Panamakanalen. Foto: Bob Denhaan, flickr.com CC BY 2.0

Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2013
Sist oppdatert: 07.08.2013