Hopp til innhold
X
Innhald

Paraguay

Paraguay (República del Paraguay), republikk i det indre av Sør-Amerika. Paraguay er også namnet på ei av dei viktigaste elvane i landet, som er 2200 km lang. Elva Paraná er 4380 km lang. Elvane er omgitte av eit breitt sumpområde. Slettelandet Gran Chaco ligg i nord og vest. Landet har også store skogar og savannestrekningar med quebrachotre, som ein nyttar til garvestoff, og yerba maté, som ein nyttar til søramerikansk te. I nord er klimaet tropisk, medan det i sør er meir temperert.
Hovudnæringsvegen er jordbruk. Det blir dyrka mais, maniok, sukkerrøyr, bønner og søtpoteter, hovudsakleg til eige bruk. Viktig for eksporten er bomull og bomullsfrø, soyabønner, tobakk, jordnøtter og maté. Paraguay har dessutan store beitemarker og mykje kveghald. Slakteri og tekstilindustri er også viktige næringar. Ved Paraná ligg det eit stort vasskraftverk som Paraguay driv i samarbeid med Brasil.
Elva Rio Iguazu renn ut i elva Parana og dannar grensa mellom Paraguay, Brasil og Argentina. Foto: Yoian Agui, flickr.com CC BY 2.0
Elva Rio Iguazu renn ut i elva Parana og dannar grensa mellom Paraguay, Brasil og Argentina. Foto: Yoian Agui, flickr.com CC BY 2.0

Historie
Paraguay vart oppdaga for europearane av Sebastian Cabot i 1527 og vart etablert som spansk koloni i 1535. På 1600-talet oppretta jesuittmisjonærar ein slags sosialistisk indianarstat i området, men måtte trekkje seg ut i 1767. Paraguay erklærte seg sjølvstendig i 1811, og vart fram til 1840 styrt av diktatoren Francia. Han isolerte landet frå omverda, samtidig som han førte ein radikal sjølvforsyningspolitikk, utvikla industrien og nesten heilt eliminerte analfabetismen.
I 1865–70 førte Paraguay krig samtidig mot Brasil, Argentina og Uruguay og leid eit katastrofalt nederlag. Om lag 25 % av landet gjekk tapt. Folkesetnaden, som før krigen var på om lag 525 000, var i 1870 redusert til rundt halvparten, og under 30 000 av dei var menn. «Chaco-krigen» mot Bolivia i 1932–35 førte igjen til enorme tap av menneskeliv.
General Alfredo Stroessner stod i spissen for eit brutalt diktatur frå 1954 til 1989, då han vart avsett ved statskupp, og ein overgang til demokratisk styre vart innleidd. President Raúl Cubas, som vart vald i 1998, vart i 1999 avsett i ei riksrettssak etter å vore skulda for å ha bestilt drapet på visepresident Luis Argaña. Både i denne perioden og tidlegare har landet vore svært nær å bli ramma av militærkupp.
Frå 1989 til 2008 var landet styrt av presidentar og regjeringar frå Partido Colorado som var Stroessner sitt parti. Fernando Lugo vart den første presidenten på 60 år som ikkje representerte Partido Colorado då han vart vald i 2008. I juni 2012 vart Lugo avsett av kongressen etter ei riksrettssak. Lugo vart halden ansvarleg for drapet på 17 landlause bønder i ein konfrontasjon med politiet. Tidlegare visepresident Federico Franco tok over som president.
Presidenten er også regjeringssjef.

Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2013
Sist oppdatert: 08.08.2013