Hopp til innhold
X
Innhald

Peru

Peru (República del Perú), republikk som ligg langs Stillehavet i Sør-Amerika. Innanfor den jamne kysten ligg det eit 30–130 km breitt, ørkenaktig kystland og innanfor dette igjen reiser Andeshøglandet, la sierra, seg. Peru var sentrum i inkariket, som vart knust av spaniarane under Pizarro i 1532–33.

Peru (República del Perú), republikk som ligg langs Stillehavet i Sør-Amerika.
Innanfor den jamne kysten ligg det eit 30–130 km breitt, ørkenaktig kystland med over 40 oasar, mellom anna Lima. Innanfor dette igjen reiser Andeshøglandet, la sierra, seg. Høgste topp der er Huascarán på 6770 moh. På austsida ligg austskråninga, la montaña, og låglandet, la selva, som er ein del av den tropiske regnskogen i Amazonas.
Klimaet i kystlandet er tørt og varmt, men svalt om vinteren. I høglandet er det kaldare. La selva er varmt og rikt på nedbør.
Maccu Piccu i Peru, eit av verdas underverk. Foto: Wolftone, flickr.com CC BY 2.0
Maccu Piccu i Peru, eit av verdas underverk. Foto: Wolftone, flickr.com CC BY 2.0
Hovudnæringsvegen er jordbruk. I oasane på kystlandet blir det dyrka bomull, røyrsukker, ris og frukt, og i fjella mais, kveite og poteter. Høgplatåa blir brukte som beiteland. Fiske av anchoveta er også ei viktig næring. Landet eksporterer mellom anna kopar, bly, jern, sink, vismut, olje, bomull og sukker. Industrien er særleg konsentrert til Lima og Callao.
Foto: Daniel Chong Kah Fui, flickr.com CC BY 2.0
Foto: Daniel Chong Kah Fui, flickr.com CC BY 2.0

Historie
Peru var sentrum i inkariket, som vart knust av spaniarane under Pizarro i 1532–33. Området vart sjølvstendig stat i 1821. Landet var blant taparane i «salpeterkrigen» mot Chile i 1879–83. På 1900-talet vart det gjort stadige forsøk på jordreformer, seinast ved ein militærjunta som tok makta i 1968 og nasjonaliserte utanlandsk-åtte føretak. Reformene vart delvis oppheva av eit nytt militærstyre i 1975.
Peru fekk sivilt styre i 1980. Frå då av har det vore aukande økonomiske problem og væpna konflikt mellom hæren og geriljarørsler, særleg Sendero Luminoso (’Den lysande stien’). Leiaren for denne organisasjonen, Abimael Guzmán, vart arrestert i september 1992. Kampen er blitt ført med stor brutalitet frå begge sider, og det har kome skuldingar mot styresmaktene om brot på menneskerettane.
Outsideren Alberto Fujimori vann presidentvalet i 1990. Sidan har forgjengaren hans, Alan García, blitt skulda for grov økonomisk utruskap mot staten. Vinteren 1991 braut det ut ein koleraepidemi som spreidde seg svært raskt, og som berre i løpet av tre månader tok livet av 1200 menneske. I april 1992 løyste Fujimori opp nasjonalforsamlinga og sikra seg diktatoriske fullmakter. Ein konflikt om grenseområde i nord førte i januar 1995 til væpna samanstøytar med Ecuador, men landa underteikna ein fredsavtale i 1998. I 1997 gjennomførte geriljarørsla Túpac Amaru ein gisselaksjon mot den japanske ambassadørbustaden. Aksjonen vart til slutt knust av hæren.
Fujimori vart attvald i 1995 og 2000. Det siste valet var internasjonalt kritisert på grunn av valfusk. Ein korrupsjonsskandale førte til at Fujimori og regjeringa gjekk av hausten 2000. Fujimori flykta til Japan, men vart i 2007 utlevert til Peru frå Chile. I 2009 vart han dømd til fengsel for korrupsjon. Sentrumspolitikaren Alejandro Toledo var president i 2001–06. Sosialdemokraten Alan García, som sat som president i 1985–90, vart vald til president i 2006 og gjekk av i 2011.
President sidan juli 2011 er Ollanta Humala, etter at han slo dotter til Alberto Fujimori, Keiko, i den andre valrunden. Humala er tidlegare offiser i hæren og tenestegjorde i krigen mot Den lysande stien og i den kortvarige krigen mot Ecuador. I 2000 leidde Humala eit opprør mot president Fujimori som raskt vart slått ned. Humala høyrer til venstresida i politikken, men er rekna som moderat.
Maccu Piccu vert rekna for eit av verdas sju underverk. Så video under:

Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.08.2013
Sist oppdatert: 25.09.2013