Hopp til innhold
X
Innhald

Puerto Rico

Puerto Rico (Estado Libre Asociado de Puerto Rico), den austlegaste av Dei store Antillane. I nord finn ein eit fuktig tropeklima, medan det er tørrare i sør. Orkanane er hyppige. I både nord og sør ligg det fleire fjellkjeder og kystsletter. Hovudstaden San Juan er eit stort turistsentrum. Om lag 80 % av folkesetnaden i Puerto Rico er kvite; resten er svarte og av blanda opphav.
Puerto Rico er prega av eksportjordbruk med hovudvekt på sukker, kaffi, tobakk, frukt og grønsaker. Gunstige skattereglar og tollfri handel med USA har fått mange amerikanske føretak til å slå seg ned i Puerto Rico. Tekstil- og metallindustri og elektronisk industri er andre viktige næringsvegar, og det same er oljeraffineri og petrokjemiske fabrikkar. Dessutan har øya mykje turisme.
Gatene i gamlebyen i San Juan. Foto: Steve Rhodes, flickr.com CC BY 2.0
Gatene i gamlebyen i San Juan. Foto: Steve Rhodes, flickr.com CC BY 2.0
Nasjonalforsamlinga er samansett av eit senat og eit representanthus som blir valde kvart fjerde år. Ein guvernør, som blir vald direkte, har den utøvande makta. Puerto Rico vart oppdaga av Columbus i 1493. Området var spansk koloni mellom 1508 og 1898, då det vart avstått til USA etter den spansk-amerikanske krigen. Øya fekk avgrensa indre sjølvstyre frå 1917, då innbyggjarane også fekk amerikansk statsborgarskap. Puerto Rico fekk status som assosiert stat i 1952. Øya har stor utvandring til USA. Ei folkeavstemming i 1998 om Puerto Rico skulle bli den 51. delstaten i USA enda med knapt nei-fleirtal.
Guvernør (dvs. regjeringssjef) sidan januar 2009 er Luis Fortuno. Statsoverhovud er Barack Obama.

Vis større kart

Først publisert: 08.08.2013
Sist oppdatert: 08.08.2013