Hopp til innhold
X
Innhald

Saint Kitts og Nevis

Saint Kitts og Nevis (Federation of Saint Kitts and Nevis), øystat i Karibia. St. Kitts (eigentleg St. Christopher) og Nevis er to øyar i øygruppa Leewardøyane. Dei har begge tropisk havklima. Hovudøya St. Kitts (168 km²) har sukkerdyrking som hovudnæringsveg, medan Nevis (93 km²) er meir prega av frukt- og grønsakdyrking. Turisme er også viktig for øyane, og det same er dei tre industrivekstanlegga.
Ei strand på Nevis. Foto: simonsimages, flicke.com CC BY 2.0
Ei strand på Nevis. Foto: simonsimages, flicke.com CC BY 2.0
Øyane vart koloniserte av britar og franskmenn frå 1623. Saint Kitts og Nevis var britisk koloni frå 1783, medlem av Vestindia-føderasjonen frå 1958 til 1967, og deretter sjølvstyrt stat tilknytt Storbritannia (med Anguilla, som etter kvart vart utskilt). Fullt sjølvstyre fekk landet i 1983.
Statsoverhovud er dronning Elizabeth II av Storbritannia. Statsminister sidan juli 1995 er Denzil Douglas.


Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 08.08.2013