Hopp til innhold
X
Innhald

Saint Vincent og Grenadinane

Saint Vincent og Grenadinane, øystat i Karibia. Øya Saint Vincent og småøyane Grenadinane høyrer til Windwardøyane i Dei små Antillane. Landet opplevde eit stort vulkanutbrot i 1979. Eksport av bananar, arrowroot-stive og kopra er viktig. Øyane har også noko turisme.
Strandliv på Saint Vincent. Foto: Jason Pratt, flickr.com CC BY 2.0
Strandliv på Saint Vincent. Foto: Jason Pratt, flickr.com CC BY 2.0
Det meste av folkesetnaden er av afrikansk opphav, men dei opphavlege innbyggjarane på øyane var karib-indianarar, og europeiske kolonistar slo seg først ned på 1700-talet. Britane deporterte dei fleste av innbyggjarane til øyane utanfor Honduras og Belize.
Saint Vincent og Grenadinane har vore sjølvstendig samveldestat sidan 1979. Statsoverhovud er dronning Elizabeth II av Storbritannia. Statsminister sidan mars 2001 er Ralph E. Gonsalves. Landet har vore medlem av handelsorganisasjonen ALBA (Alianza Bolivariana para los pueblos de nuestra América) sidan 2009.
 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.08.2013
Sist oppdatert: 08.08.2013