Hopp til innhold
X
Innhald

Surinam

Surinam (Republiek Suriname), republikk på nordkysten av Sør-Amerika. Ved kysten finn ein eit sumpete lågland med mangroveskog, og i det indre finn ein fjelland. Landet har eit ekvatorialt regnskogklima med årsmiddeltemperatur på om lag 27 °C.
Ei jente i regnskogen i Surinam. Foto: Ahron de Leeun, flickr.com CC BY 2.0
Ei jente i regnskogen i Surinam. Foto: Ahron de Leeun, flickr.com CC BY 2.0
Av folkesetnaden er 37 % indarar, 31 % kreolar, 14 % javanesarar, 8,5 % svarte og 3 % indianarar og små grupper av europearar, kinesarar og syrarar. Surinam vinn ut bauxitt og vidareforedlar det til aluminiumoksid og aluminium. Andre viktige næringar er dyrking av ris og sukkerrøyr i låglandet og rekefiske. Landet får økonomisk støtte frå Nederland.

Historie
Nederland fekk Surinam av Storbritannia i bytte mot New York (Nieuw Amsterdam) i 1667. Landet vart sjølvstendig i november 1975. Etter 1975 flykta mange frå Surinam til Nederland på grunn av politisk og økonomisk uro. Regjeringa vart styrta ved eit militærkupp i 1980, og ved eit nytt kupp i 1982 kom ei revolusjonsregjering til makta. Ho tapte valet i 1987, og det har skjedd ei gradvis gjeninnføring av sivilt styre. Ei venstreorientert gerilja har retta over fleire år ein del angrep mot militære mål. I mars 1991 vart det underteikna ein fredsavtale mellom opprørarane og regjeringa.
President sidan august 2010 er Desire Delano Bouterser. Presidenten i Surinam er også regjeringssjef.
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.08.2013
Sist oppdatert: 08.08.2013