Hopp til innhold
X
Innhald

Trinidad og Tobago

Trinidad og Tobago (Republic of Trinidad and Tobago), øyrepublikk i Karibia. Størstedelen av øyane er lågland. Landet har eit tropisk, relativt fuktig passatklima. Eit fleirtal av innbyggjarane er svarte og blandingsfolk, om lag 40 % er indarar som kom til øyane som plantasjearbeidarar.
Tobago. Foto: nosuchsoul, flickr.com CC BY 2.0
Tobago. Foto: nosuchsoul, flickr.com CC BY 2.0
Oljeutvinning og petrokjemisk industri er den viktigaste næringsgreina. Allsidig småindustri og turisme er andre viktige næringar. Dei viktigaste eksportvarene er olje, sukker, rom, kakao og kjemikaliar.
Øya Trinidad (4828 km²) vart oppdaga av Columbus i 1498 og var under spansk overherredøme frå 1532, og britisk frå 1797. Frå 1899 vart Trinidad og Tobago éin britisk koloni, og frå 1962 sjølvstendig stat. Sidan 1976 har landet vore ein republikk innanfor Samveldet.
President sidan mars 2003 er George Maxwell Richards. Statsminister sidan mai 2010 er Kamla Persad-Bissessar.

Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.08.2013
Sist oppdatert: 08.08.2013