Hopp til innhold
X
Innhald

Uruguay

Uruguay (República Oriental del Uruguay), republikk i Sør-Amerika. Hovudnæringsvegen er fedrift, og dei viktigaste eksportvarene er ull, kjøt og huder. Det offisielle språket er spansk.

Uruguay (República Oriental del Uruguay), republikk i Sør-Amerika. Uruguay er eit sletteland med relativt fuktig subtropisk klima der om lag 3/4 av arealet er grasstepper som gir utmerkte beiteområde. Hovudnæringsvegen er fedrift, og dei viktigaste eksportvarene er ull, kjøt og huder. Landet har også ein del mais- og kveitedyrking og næringsmiddelindustri.
Foto: Eduardo Amorum, flickr.com CC BY 2.0
Foto: Eduardo Amorum, flickr.com CC BY 2.0

Historie
Området vart kolonisert på 1600-talet, og i 1776 gjekk det inn i det spanske visekongedømet La Plata. Uruguay erklærte seg sjølvstendig i 1810, men vart i 1821 innlemma i Brasil. I 1828 vart landet igjen sjølvstendig. På 1800-talet vart Uruguay skodeplass for strid og uro, særleg mellom det liberale partiet (colorados) og dei konservative (blancos).
I den første halvparten av 1900-talet vart Uruguay rekna som mønsterstaten i Sør-Amerika og utmerkte seg særleg ved dei sosiale velferdstiltaka sine, som for ein stor del kan førast tilbake til den viktige statsmannen José Batlle (1856–1929). I 1950-åra kom likevel ein periode med streikar og høg inflasjon. Utover i 1960-åra vart økonomien stadig dårlegare, noko som førte til alvorleg uro blant arbeidarane. Ein ny konstitusjon vart vedteken i 1966, men uroa heldt fram, og ein militant bygerilja, Tupamaros, gjorde seg gjeldande.
I 1973 tok dei militære makta og innførte eit brutalt diktatur med forfølging av all opposisjon og utstrekt bruk av tortur. Om lag 20 % av folkesetnaden drog i eksil. I 1984 vart det halde frie val, og ein sivil president vart vald, men dei militære har framleis stor innverknad. Uruguay vart ramma av ei kraftig økonomisk krise i 1998 med påfølgjande høg arbeidsløyse.

Montevideo er hovudstad og ein viktig hamneby i Uruguay. Foto: Jimmi Baikovicius, flickr.com CC BY 2 0

Montevideo er hovudstad og ein viktig hamneby i Uruguay. Foto: Jimmi Baikovicius, flickr.com CC BY 2 0
Ein venstreallianse vann valet i oktober 2004, og Tabaré Vazquez vart den første sosialistiske presidenten i landet nokon gong. Den same venstrealliansen vann valet i 2009, og sidan 2010 er José Mujica president. Mujica har vore omstridd fordi han var medlem av geriljaen i 1970-åra.
Presidenten i Uruguay er også regjeringssjef.


Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.08.2013
Sist oppdatert: 24.09.2013