Hopp til innhold
X
Innhald

Venezuela

Venezuela (República Bolivariana de Venezuela), republikk i Sør-Amerika. Hugo Chávez styrte landet i dramatiske år frå 1999, avbrote av eit kortvarig og dramatiske kupp.

Venezuela (República Bolivariana de Venezuela), republikk i Sør-Amerika. Venezuela har høge kystfjell, der den høgste toppen er Picacho Concha på 5007 moh., og i sør finn ein Guyana-høglandet. I dette høglandet er den høgste toppen Roraima på 2810 moh. I låglandet mellom desse går elva Orinoco. I sør har landet eit tropisk regnskogklima, medan det er tørrare i nord og på savanneslettene llanos i Orinoco-låglandet.
Fjellet Roraina, 2810 meter høgt. Venezuela har både regnskog, kyst og høgland. Foto: Gunther Wegner, flickr.com CC BY 2.0
Fjellet Roraina, 2810 meter høgt. Venezuela har både regnskog, kyst og høgland. Foto: Gunther Wegner, flickr.com CC BY 2.0
 
Venezuela har store reservar av olje og jernmalm, og landet er ein viktig oljeeksportør. Oljen står for 70 % av eksportinntektene, og desse inntektene blir mellom anna brukte til å byggje opp industrien. Til dømes er aluminiumproduksjonen no viktigare enn stålproduksjonen. Om lag 16 % av den yrkesaktive folkesetnaden lever av jord- og skogbruk. Det finst elles reservar av gull, diamantar, bauxitt, mangan og tinn i landet.

Historie
Columbus kom til Venezuela i 1498, men det var først seinare at landet fekk namnet Venezuela (spansk ’vesle Venezia’) på grunn av pålehusa til indianarane. Området høyrde til Spania som generalkapitanatet Caracas, men reiv seg laust i 1811. Det var ein del av Colombia i åra 1819–30.
Indianske pålehus i Venezuela. Foto: Matt Hamm, flickr.com CC BY 2.0
Indianske pålehus i Venezuela. Foto: Matt Hamm, flickr.com CC BY 2.0

Under diktaturet til Gómez i 1908–35 gjekk landet gjennom ei rask utvikling, for oljefelta vart utnytta av utanlandske føretak. Forsøk på å innføre eit demokratisk styre enda med militærdiktatur frå 1948 til 1958. Carlos Andrés Pérez frå partiet Acción Democratica, som var president i 1974–79, nasjonaliserte jern- og oljeindustrien. Dei to store partia, det sosialdemokratisk orienterte AD og det kristelegdemokratiske COPEI, har bytta på å ha makta.
I 1988 vart Pérez igjen president, men i 1993 vart han avsett og stilt for retten, skulda for misbruk av offentlege midlar. I 1999 vart Hugo Chávez president. Han gjennomførte omfattande politiske og økonomiske endringar i landet, mellom anna gjennom ei ny grunnlov (1999) og sterkare statleg kontroll over økonomien. Regjeringa hans satsa mykje på økonomisk utjamning og kunne vise til resultat i retning av redusert fattigdom. Inflasjonen vart til gjengjeld høg og flukt av kapital skapte makroøkonomiske problem.
Kortvarig statskupp
Misnøye mot Chávez førte til harde protestdemonstrasjonar i april 2002. Chávez vart styrta, og leiaren for arbeidsgivarforeininga, Pedro Carmona, vart teken i eid som ny president. Kuppmakarane klarte likevel ikkje å mobilisere nok støtte til å overta makta i landet, og Chávez vart sett inn att etter to døgn. I tida som følgde heldt kritikken mot styresettet til Chávez fram. Eit krav om folkeavstemming vart avvist i mars 2004, men gjennomført i august same året. Chavez fekk då støtte frå 58 % av veljarane.
Same året tok Chávez initiativ til ALBA (Alianza Bolivariana para los pueblos de nuestra América, ’Den bolivarianske alliansen for folka i vårt Amerika’), ein alternativ, sosialistisk handelsorganisasjon som har 8 medlemmer i regionen. Chávez vart attvald i 2005, i eit val opposisjonen boikotta. Han prøvde i 2007 å fjerne avgrensinga på kor mange presidentperiodar ein president kunne sitje, men gjekk overraskande på eit tap. To år seinare vann Chávez ei tilsvarande folkeavstemming.
2009: President Hugo Chávez møter innbyggjarar i Caracas, Venezuela.  Foto:Bernando Londoy, flickr.com CC BY 2.0
2009: President Hugo Chávez møter innbyggjarar i Caracas, Venezuela.  Foto:Bernando Londoy, flickr.com CC BY 2.0 
Chávez døyr
I 2011 gjekk Chávez gjennom to kreftoperasjonar på Cuba, etter at cubanske legar hadde oppdaga ein vondarta svulst i bekkenregionen. Kva slags kreft det var snakk om, vart halde hemmeleg av regjeringa, men mot slutten av året erklærte Chávez seg fri for sjukdomen. I februar 2012 måtte Chávez tilbake til Cuba for operasjon og strålebehandling, og i juli 2012 erklærte han seg frisk nok ein gong.
Chávez vart attvald ved presidentvalet i oktober 2012, der han møtte Henrique Capriles frå opposisjonen. Seinare same året blussa sjukdommen hans likevel opp att. Chávez døydde 5. mars 2013. Tidlegare visepresident Nicolás Maduro tok over som president etter eit ekstraordinært val i april same året.
Presidenten i Venezuela er også regjeringssjef.

Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.08.2013
Sist oppdatert: 24.09.2013