Hopp til innhold
X
Innhald

Acre (delstat)

Acre, delstat i det vestlege Brasil, ved grensa til Peru og Bolivia. Han har eit areal på 153 149 km² og eit innbyggjartal på om lag 641 000. Hovudstaden er Río Branco. I hovudsak er delstaten eit regnskogsområde med jordbrukskoloniar. Acre har vore ein av delstatane i Brasil sidan 1962.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.01.2012
Sist oppdatert: 22.05.2013