Hopp til innhold
X
Innhald

Alberta

Alberta er ein provins i Canada. Han er på 661 848 km² og har om lag 3,6 millionar innbyggjarar. Hovudstad er Edmonton. Det går føre seg ein omfattande kornproduksjon på dei vidstrekte sletteområda, og i nord vert det drive skogbruk og treforedlingsindustri. I Alberta produserer ein størstedelen av olja og naturgassen i Canada, og det går røyrleidningar til Ontario. Alberta har vore provins frå 1905.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.03.2013
Sist oppdatert: 01.03.2013