Hopp til innhold
X
Innhald

Aleutane

Aleutane (engelsk Aleutian Islands), vulkansk øygruppe med om lag 170 øyar som ligg mellom Alaska og Kamtsjatka. Ho høyrer til USA og har om lag 24 000 innbyggjarar. Hovudstaden er Unalaska.
 
Aleutane vart oppdaga av Vitus Bering i 1741. Øygruppa vart seld frå Russland til USA i samband med at sistnemnde kjøpte Alaska i 1867. Tidlegare låg det fleire militærbasar på Aleutane. Det rike fisket og selfangsten er dei viktigaste næringane for innbyggjarane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.01.2012
Sist oppdatert: 07.01.2013