Hopp til innhold
X
Innhald

Amazonas

Amazonas, delstat i det nordvestlege Brasil på 1 577 820 km². Han har om lag 3,4 millionar innbyggjarar og er den av delstatane i Brasil som er størst i utstrekning, men han er derimot den tynnast folkesette av dei. Hovudstaden er Manaus.
Amazonas er eit lågtliggjande regnskogsområde med busetnad langs elvane og dei nye riksvegane. Omkring Manaus er det ein del industri, men elles lever folk av jordbruk og sanking.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.01.2012
Sist oppdatert: 11.01.2012