Hopp til innhold
X
Innhald

Andesfjella

Andesfjella, fjellkjeder langs vestkysten av Sør-Amerika som strekkjer seg om lag 9000 km. Den høgste toppen er Aconcagua på 6960 moh. Andesfjella omfattar faldefjell frå kritt- og tertiærtida i tre parallelle kjeder. Mellom desse fjella finn ein til dømes 25 aktive vulkanar. Det er stor indianarbusetnad i 2000–3000 m høgd. Fjella dannar ofte ein barriere for samferdsla. Det er gjort funn av kopar og tinn i fjella.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.01.2012
Sist oppdatert: 11.01.2012