Hopp til innhold
X
Innhald

Anguilla

Anguilla er to av øyane i gruppa Leeward Islands. Øyane ligg i Dei små Antillane og består av Anguilla – også kalla Snake Island, det vil seie Slangeøya – og Sombrero. Øyane er på om lag 100 km² og har om lag 12 000 innbyggjarar.  Hovudby er The Valley. Anguilla er ein britisk kronkoloni og har hatt indre sjølvstyre frå 1980. Øyane eksporterer sukker, melasse, bomull og salt. Turisme er ei viktig næring som har vore i sterk vekst dei seinare åra.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.03.2013
Sist oppdatert: 01.03.2013