Hopp til innhold
X
Innhald

Antillane

Antillane, øygruppe aust for Mellom-Amerika, mellom Yucatánhalvøya og munningen av Orinoco.
 
Ein skil mellom mellom Dei store Antillane, på om lag 208 000 km², som omfattar Cuba, Hispaniola, Jamaica og Puerto Rico, og Dei små Antillane, på om lag 14 000 km², som omfattar over 100 mindre øyar. Desse siste blir på grunn av plasseringa i forhold til passaten kalla anten lovartøyane (Windward Islands) eller leøyane (Leeward Islands). Dei første ligg mellom Martinique og Trinidad og dei siste mellom Puerto Rico og Martinique. Nord for Puerto Rico ligg det største havdjupet i Atlanterhavet, Cabo San Rafael, på 9219 m.
 
Mange av øyane er vulkanske og har tropisk passatklima med hyppige orkanar. Ei rekkje av småøyane har etter kvart vorte sjølvstendige statar. Den viktigaste næringsvegen er jordbruk, dvs. dyrking av sukkerrør, bomull, tobakk, kaffibønner og bananar, men turismen har mange stader vorte viktigare.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.01.2012
Sist oppdatert: 11.01.2012