Hopp til innhold
X
Innhald

Ascension

Ascension er ei britisk vulkanøy i Sør-Atlanteren. Ho ligg midt mellom Sør-Amerika og Afrika. Øya er på 88 km² og har om lag 1050 innbyggjarar. Administrativ hovudstad er Georgetown. Ascension er del av det administrativt/politiske området Saint Helena, Ascension og Tristan da Cunha. Området høyrer til det britiske oversjøiske territoriet. Namnet tyder "oppstode", og det kjem av at portugisarane oppdaga øya på Kristi himmelfartsdag 1501. I tida januar–mai kjem store mengder havskilpadder til Ascension for å leggje egg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.03.2013
Sist oppdatert: 01.03.2013