Hopp til innhold
X
Innhald

Atacama

Atacama, ørkenområde i Sør-Amerika som er eit av dei tørraste områda i verda. Det omfattar dei chilenske provinsane Antofagasta og Atacama. Området er rikt på salpeter og verdifulle metall, særleg kopar.
I det nordvestlege Argentina ligg det ei høgslette med same namn, Puna de Atacama, på 3000–4000 moh.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.01.2012
Sist oppdatert: 11.01.2012