Hopp til innhold
X
Innhald

Baffin Island

Baffin Island, tidlegare Baffin Land, den største øya i det kanadiske øyriket og dessutan den femte største øya i verda, med sine om lag 507 000 km². Ho er skild frå Grønland av Baffinbukta og Davissundet.
Øya har om lag 11 000 innbyggjarar, og mange av dei er inuittar som driv jakt og fiske. Sentrumet er Iqaluit (Frobisher Bay) med forskingsstasjon og flyplass.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.01.2012
Sist oppdatert: 11.01.2012