Hopp til innhold
 Bahia, Brasil. Foto: Carlos Luz, flickr.com, CC BY.
Bahia, Brasil. Foto: Carlos Luz, flickr.com, CC BY.
X
Innhald

Bahia

Bahia er delstat på nordaustkysten av Brasil. Han er på 567 295 km² og har om lag 14 millionar innbyggjarar. Hovudstad er Salvador. Delstaten er ei fruktbar kystslette, og ho vert nytta til dyrking av sukkerrøyr og tobakk. Det finst også oljefelt. Bahia er landets største kakaoprodusent. I det indre driv ein bomullsdyrking og kvegdrift. Industrien er no viktigare enn primærnæringane, og turismen er i sterk vekst.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2013
Sist oppdatert: 22.03.2013