Hopp til innhold
X
Innhald

Bermuda

Bermuda, britisk øygruppe i det vestlege Atlanterhavet, på 32° 18' N og 64° 46' V. Ho omfattar om lag 400 koralløyar, der om lag 20 av dei er busette. Til saman har øyane eit areal på 53 km² og om lag 65 000 innbyggjarar. Hovudstaden er Hamilton.
 
Klimaet er mildt og fuktig, og øyane har ein overdådig tropisk vegetasjon. Bermuda er ein turiststad, men det ligg også fleire amerikanske fly- og flåtebasar der. Det har vore ein britisk koloni sidan 1684, men fekk indre sjølvstyre i 1968.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.01.2012
Sist oppdatert: 11.01.2012