Hopp til innhold
X
Innhald

British Columbia

British Columbia, provins i det vestlege Canada, ved Stillehavet. Arealet er på 944 735 km², og provinsen har om lag 4,2 millionar innbyggjarar, der om lag 60 000 av dei er indianarar. Hovudstaden er Victoria, og den største byen er Vancouver.
 
Området er eit fjelland med fuktig kystklima, mange fjordar og til dels fruktbare dalar. Skogbruk, storfeavl, laksefiske, vasskraftproduksjon, petrokjemisk industri og aluminiumsindustri er viktige næringar. Dessutan er det gjort store funn av mineral som olje, bly, sink og kopar. Provinsen vart innlemma i Canada i 1871.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.01.2012
Sist oppdatert: 11.01.2012