Hopp til innhold
X
Innhald

Caymanøyane

Caymanøyane, britisk øygruppe i Karibia, nordvest for Jamaica. Arealet er på til saman 258 km², og øygruppa har om lag 49 000 innbyggjarar. Hovudstaden Georgetown ligg på den største av øyane, Grand Cayman. Turisme og finans er viktige næringar.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.01.2012
Sist oppdatert: 12.01.2012