Hopp til innhold
X
Innhald

Chiapas

Chiapas, den sørlegaste delstaten i Mexico, med eit areal på 73 887 km². Han har om lag 4,3 millionar innbyggjarar, der om lag 1,5 millionar av dei er indianarar. Hovudstaden er Tuxtla Gutiérrez. Chiapas omfattar Sierra Madre, den høgste toppen i Mexico, på 4093 moh.
Produksjon av gummi, kakao og petroleumsprodukt er viktige næringsvegar. I januar 1994 skjedde det eit omfattande væpna opprør som var leidd av den indianske rørsla EZLN, Ejército Zapatista de Liberacíon Nacional. Området vart lova større indre sjølvstyre, men dette vart ikkje overhalde av styresmaktene, og uroa har halde fram som ein ikkjevaldsprotest med til tider stor internasjonal støtte.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.01.2012
Sist oppdatert: 12.01.2012