Hopp til innhold

 Curaçao. Foto: TCDavis, flirkc.com CC BY
Curaçao. Foto: TCDavis, flirkc.com CC BY
X
Innhald

Curaçao

Curaçao er ein autonom stat som høyrer til Nederland. Tidlegare utgjorde han den største av Dei nederlandske Antillane, som vart oppløyste i 2010. Curaçao er på 444 km² og har om lag 143 000 innbyggjarar. Hovudstad er Willemstad. Det finst eit stort reparasjonsskipsverft og eit oljeraffineri. Ein framstiller også likør, kalla curaçao. Staten var nederlandsk frå 1634, men var ein periode britisk.

Først publisert: 21.03.2013
Sist oppdatert: 21.03.2013