Hopp til innhold
X
Innhald

Dansk Vestindia

Dansk Vestindia, tidlegare dansk koloni som hovudsakleg omfatta dei vestindiske øyane St. Croix, St. Thomas og St. John i Dei små Antillane, på om lag 400 km² til saman. Øyane hadde i 1911 om lag 27 000 innbyggjarar.
Dei var dansk eigedom høvesvis frå 1671, 1684 og 1773. I 1867 vart det bestemt at ein skulle selje dei til USA, men dei vart ikkje endeleg overdregne før i 1917, for 25 millionar dollar. No utgjer øyane Virgin Islands of the United States og har om lag 146 000 innbyggjarar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.01.2012
Sist oppdatert: 12.01.2012