Hopp til innhold
 Curacau. Foto: TCDavis, flickr.com CC BY
Curacau. Foto: TCDavis, flickr.com CC BY
X
Innhald

Dei nederlandske Antillane

Dei nederlandske Antillane, De Nederlandse Antillen, er to nederlandske øygrupper i Vestindia. Dei er på 960 km² og har om lag 270 000 innbyggjarar. Av desse bur om lag 198 000 på øya Curaçao nord for Venezuela. Nokre mindre øyar, St. Maarten, St. Eustatius og Saba, ligg aust for Puerto Rico, og øya Bonaire ligg aust for Curaçao. Viktige næringar er reparasjon av skip og turisme. Det vert også drive noko jordbruk og fiske. Aruba vart skild ut som eige område i 1986. Etter avtale mellom medlemene og Nederland i 2006 slutta Dei nederlandske Antillane å eksistere i oktober 2010.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2013
Sist oppdatert: 22.03.2013