Hopp til innhold
X
Innhald

District of Columbia

District of Columbia (forkorta D.C.), forbundsdistrikt i USA som vart danna i 1791, som nøytral grunn under direkte forvaltning av Kongressen. Flatevidda er om lag 180 km², og det omfattar hovudstaden i USA, Washington, D.C., og omlandet. Distriktet har om lag 565 000 innbyggjarar, og det har hatt hovudstaden i landet sidan 1800. Før det var Philadelphia hovudstad. Prinsippet om at hovudstaden var nøytral grunn vart fråvike i 1961. Innbyggjarane fekk då stemmerett.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.01.2012
Sist oppdatert: 04.07.2012