Hopp til innhold
X
Innhald

Eirik Raudes Land

Eirik Raudes Land, område aust på Grønland, mellom 71° 30' og 75° 40' N. Det vart annektert av ein norsk ekspedisjon under Hallvard Devold 27. juni 1931. Okkupasjonen vart stadfesta av regjeringa 10. juli, men vart kjend ugyldig ved dom 5. april 1933 av den internasjonale domstolen i Haag.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.01.2012
Sist oppdatert: 12.01.2012