Hopp til innhold
X
Innhald

Eldlandet

Eldlandet (spansk Tierra del Fuego), øygruppe som er skild frå det søramerikanske fastlandet ved Magellansundet.

Den vestlege delen høyrer til Chile (49 890 km², om lag 8500 innbyggjarar), og den austlege høyrer til Argentina (20 912 km², om lag 105 000 innbyggjarar). Hovudstaden i sistnemnde er Ushuaia med om lag 15 000 innbyggjarar, og han er elles den sørlegaste byen i verda. Den største øya blir kalla Isla Grande eller Tierra del Fuego.
Landskapet omfattar for det meste sjøar, myrar og lauvskog, og det har mange trekk til felles med Vestlandet i Noreg. Snøgrensa ligg på om lag 700 m, og det er mykje fedrift der. Det er gjort oljefunn på begge sider av grensa. Den opphavlege folkesetnaden (indianske stammar) stod på eit primitivt steinaldertrinn og er no nesten utdøydd. Magellan (Magalhães) kom til Eldlandet i 1520.


Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 07.01.2013