Hopp til innhold
 
Falklandsøyane. Foto: Skinnyde, flickr.com CC BY
Falklandsøyane. Foto: Skinnyde, flickr.com CC BY
X
Innhald

Falkslandsøyane

Falklandsøyane, på engelsk Falkland Islands, er ei britisk øygruppe og ein koloni i det sørlege Atlanterhavet. På spansk vert øygruppa kalla Islas Malvinas, på norsk Malvinane.
 
Øygruppa er på om lag 12 000 km² og har om lag 2900 innbyggjarar. Ein driv sauehald, med eksport av ull, og noko fiske. Hovudstad er Port Stanley.
 
Øyane hadde i 1760-åra fransk folkesetnad, og vart kalla Îles Malouïnes, deretter britisk. Frå 1770 var dei under spansk herredøme. Argentina gjorde krav på dei frå 1820, og dei vart britisk kronkoloni i 1832. 2. april 1982 vart øyane okkuperte av argentinske troppar, og britane sende ein stor flåtestyrke for å erobre dei tilbake. Etter omfattande kampar kapitulerte argentinarane 14. juni same år.
 
Falklandskrigen var sterkt medverkande til at militærjuntaen i Argentina fall. Britane har seinare utvida engasjementet sitt på Falklandsøyane blant anna ved å erklære ein økonomisk sone rundt øyane og drive oljeleiting.

Først publisert: 21.03.2013
Sist oppdatert: 22.03.2013