Hopp til innhold
X
Innhald

Fransk Guyana

Fransk Guyana, offisielt Guyane Française, fransk oversjøisk departement i Sør-Amerika, mellom Brasil og Surinam. Hovudstaden er Cayenne. Flatevidda er om lag 86 000 km², og det har om lag 197 000 innbyggjarar. Området har fuktig regnskogsklima.
 
Fransk Guyana var koloni frå 1604, og det hadde straffekoloni (på Djevleøya) frå 1852 til 1938. Økonomisk er området lite utvikla. Rakettprøvefeltet Kourou er på grunn av at det ligg nær ekvator, veleigna for oppskyting av geostasjonære satellittar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.01.2012
Sist oppdatert: 12.01.2012