Hopp til innhold
X
Innhald

Galápagosøyane

Galápagosøyane (av spansk galápago, ’skjelpadde’), offisielt Archipiélago de Colón, øygruppe i Stillehavet. Ho vart oppdaga i 1535 og har høyrt til Ecuador sidan 1832. Flatevidda er om lag 8000 km², og øyane har om lag 19 000 innbyggjarar til saman. Dei største øyane er San Cristóbal (Chatham), Santa Cruz (Indefatigable) og Isabela (Albemarle). Dei er vulkanske, og klimaet er relativt tørt.
 
Store delar av faunaen (til dømes kjempeskjelpadder) og floraen er eineståande for øyane. Charles Darwin fekk her idear til teoriane sine om utviklinga av artar.
 
Øygruppa er no freda, men er open for turisme som er kontrollert av styresmaktene. Ein del nordmenn emigrerte i 1925 til Galápagos og danna ein liten koloni. I 1953 var Thor Heyerdahl på ein ekspedisjon til øyane, og han oppdaga mange spor etter ein pre-kolumbiansk indianarbusetnad.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.01.2012
Sist oppdatert: 07.01.2013