Hopp til innhold
X
Innhald

Goiás

Goiás, delstat i Brasil som omsluttar det føderale distriktet med hovudstaden Brasília. Flatevidda er om lag 341 000 km², og han har om lag 5,5 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Goiânia.
 
Området er platåland med savannevegetasjon. Kvegavl og jordbruk er viktige næringar. Goiás har dessutan store mineralreservar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.01.2012
Sist oppdatert: 12.01.2012