Hopp til innhold
X
Innhald

Gran Chaco

Gran Chaco (bokstavleg ’det store jaktfeltet’), sletteland i Sør-Amerika på om lag 500 000 km² som er delt mellom Argentina, Bolivia og Paraguay. Det omfattar savannar, stepper og galleriskog (langs elvane).
Området får store flaumar i regntida. Det er tynt folkesett og blir stort sett brukt til beitemarker og bomullsdyrking. Chacokrigen gjekk føre seg i dette området i åra 1932–35.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.01.2012
Sist oppdatert: 12.01.2012