Hopp til innhold
X
Innhald

Grand Canyon

Grand Canyon, dalkløft som Coloradoelva har skore i Coloradoplatået i delstaten Arizona i USA. Kløfta er om lag 350 km lang, mellom 6 og 30 km brei og 1500–1800 m djup. Kløfta er ein stor turistattraksjon og dessutan nasjonalpark.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.01.2012
Sist oppdatert: 12.01.2012