Hopp til innhold

 Foto: Jørgen Chemnitz, Visit Greenland, flickr.com. CC BY
Foto: Jørgen Chemnitz, Visit Greenland, flickr.com. CC BY
X
Innhald

Grønland

Grønland er ein sjølvstyrt del av Danmark. På grønlandsk heiter Grønland Kalaallit Nunaat. Eirik Raude grunnla i 986 ein norrøn koloni, som på det meste hadde om lag 3000 innbyggjarar.
Grønland er ein sjølvstyrt del av Danmark. På grønlandsk heiter Grønland Kalaallit Nunaat. Øya er på 2 175 600 km² og har 56 700  innbyggjarar, noko som gir ein tetteik på 0,03 innbyggjarar per km². Hovudstad er Nuuk, på dansk Godthåb.
 
Nuuk. Foto: Thomas Leth Olsen CC BY SA 3.0
Nuuk. Foto: Thomas Leth Olsen CC BY SA 3.0
 
Gjennomsnittleg levealder er på 69 år, og spedbarndødelegheita er på 16,8 per 1000 levande fødde. Den offisielle religionen er protestantisk kristendom. Offisielt språk er grønlandsk. Mynteininga er krone. Bruttonasjonalproduktet per innbyggjar var i 2009 på US $ 32, 960.
 
Landsbyen Kulusuk. Foto: Ville Miettinen CC BY SA 3.0
Landsbyen Kulusuk. Foto: Ville Miettinen CC BY SA 3.0
 
Grønland i Nord-Amerika vert rekna som verdas største øy, men under den opptil 3000 m tjukke innlandsisen er ho delt i fleire øyar. Berre 1/6 av arealet er isfritt. På grunn av global oppvarming smeltar innlandsisen, og topografien på øya er i rask endring. Den høgaste toppen er Gunnbjørns Fjeld, som ligg 3700 meter over havet. Det er sparsam vegetasjon på Grønland, og det meste av han finn ein på vestkysten, der 90 % av folket bur. Over 80 % av folkesetnaden er inuittar. Fiske og fangst og utvinning av bly og sink er dei viktigaste næringane.
 
Eirik Raude grunnla i 986 ein norrøn koloni, som på det meste hadde om lag 3000 innbyggjarar. Busetjinga stoppa opp omkring 1500. Ein dansk kolonisasjon byrja med Hans Egede i 1721. Grønand fekk indre sjølvstyre i 1979. Eit fleirtal stemte for auka sjølvstyre i ei folkeavstemming i 2008, og frå 2009 gjekk Grønland frå heimestyre til sjølvstyre.
 
Midt inne på grønlandsisen ligg radarstasjonen DYE 2.  Stasjonen var brukt av USA til overvaking under den kalde krigen. Biletet er frå 1964. Stasjonen er i dag forlatt. Foto: Henri Lous Hirschfeld CC BY SA 3.0
 
Midt inne på grønlandsisen ligg radarstasjonen DYE 2.  Stasjonen var brukt av USA til overvaking under den kalde krigen. Biletet er frå 1964. Stasjonen er i dag forlatt. Foto: Henri Lous Hirschfeld CC BY SA 3.0


I 2009 vart grønlendarane anerkjende som eit sjølvstendig folk etter Folkeretten, og Grønland fekk ei ny administrativ inndeling med 18 kommunar. Grønland overtok sjølv ansvar for juridiske saker, politi og naturressursar. Grønland gjekk ut av EU, då EF, i 1985. Nato har basar på øya, i særleg grad i Thule.
 
 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2013
Sist oppdatert: 17.07.2018