Hopp til innhold
X
Innhald

Guadeloupe

Guadeloupe, øyar i Dei små Antillane i Karibia med eit samla areal på 1779 km². Dei har om lag 445 000 innbyggjarar og vart oppdaga av Columbus i 1493. Området høyrer til Frankrike gjennom at det er eit såkalla fransk oversjøisk departement. Dei største øyane er Grande-Terre og Basse-Terre, og Basse-Terre er også namnet på hovudstaden. Sukker- og banandyrking er viktige næringar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.01.2012
Sist oppdatert: 07.01.2013