Hopp til innhold
 Guam. Foto: Steve Bowen, flickr.com. CC BY
Guam. Foto: Steve Bowen, flickr.com. CC BY
X
Innhald

Guam

Guam, offisielt Guåhan, er den største øya i Marianene i Stillehavet. Ho er på om lag 540 km² og har om lag 160 000 innbyggjarar, mest malayar. Hovudstaden er Hagåtña. Øya har flåte- og flybase. Det vert drive jordbruk med eksport av kopra.
 
Guam har vore ein sjølvstyrt ikkje-inkorporert del av USA sidan 1898, men fekk indre sjølvstyre i 1950 og utvida sjølvstyre med rett til territorial grunnlov i 1978. I dei seinare åra er den militære aktiviteten redusert, og turismen har auka.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2013
Sist oppdatert: 22.03.2013