Hopp til innhold
X
Innhald

Guyana

Guyana (område), Guiana, opphavleg heile det søramerikanske området mellom Orinoco, Rio Negro og Amazonas. For det meste omfattar det høgland, og den høgste toppen er Roraima på 2772 moh.
Klimaet er tropisk og regnskogane tette. Det er gjort funn av gull, diamantar og bauxitt i området.
Sør-Guyana høyrer til Brasil og Vest-Guyana Venezuela. Resten vart i 1815 delt mellom Storbritannia, Frankrike og Nederland. Britisk Guyana vart ein sjølvstendig stat i 1966 (under namnet Guyana), Fransk Guyana har vorte eit fransk departement, og den nederlandske delen vart i 1975 ein sjølvstendig stat – Surinam.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.01.2012
Sist oppdatert: 07.01.2013