Hopp til innhold
X
Innhald

Jomfruøyane

Jomfruøyane (engelsk Virgin Islands), øygruppe i Dei små Antillane som er delt mellom Storbritannia og USA.
 
Dei britiske Jomfruøyane (British Virgin Islands) omfattar om lag 40 øyar. Desse har eit areal på om lag 150 km² og om lag 23 000 innbyggjarar. Hovudstaden er Road Town, som har om lag 9400 innbyggjarar. Byen ligg på øya Tortola, der meir enn 80 % av folkesetnaden bur. Turisme er den viktigaste næringa, men i tillegg kjem noko jordbruk, særleg dyrking av bananar og kokosnøtter, og fiske.
 
USA sit på Dei amerikanske Jomfruøyane (Virgin Islands of the United States): St. Thomas, St. Croix, St. John og om lag 50 øyar utan busetnad – i alt om lag 370 km² med om lag 123 000 innbyggjarar. Hovudstaden er Charlotte Amalie, som har om lag 12 500 innbyggjarar. Denne byen ligg på St. Thomas. Columbus kom til Jomfruøyane i 1493, og ein spansk koloni vart oppretta i 1555. USA kjøpte øyane av Danmark i 1917 for 25 millionar dollar. St. Thomas hadde då vore dansk koloni sidan 1671. Dei kom formelt under dansk styre i 1734, og det vart drive utstrekt slavetrafikk mellom Afrika og øyane.
 
USA kjøpte Jomfruøyane av strategiske årsaker og i frykt for at Tyskland skulle få fotfeste i Karibia ved eit eventuelt kjøp. Dei fleste innbyggjarane er svarte eller farga. Øyane har stor turisttrafikk, mykje jordbruk og fiske, ein del lettare industriar og ein aluminiumoksidfabrikk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 06.01.2012